INVITASJON TIL HØSTMØTE: Aktive fredsreiser

Alle medlemer i historielaga er velkomne  til ein eller begge dagane, utan påmelding!  Deltaking gratis, men lunsj kan kjøpast. 

Revsnes hotell har godt tilbod for overnatting. 

Opprinneleg plan var   torsdag 18. og fredag 19. november, men denne måtte forskyvast  ein dag.

Takksam om leiarane vidaresender innbydinga til medlemer med epostadresse. Ring leiar i Setesdal sogelag, Vidar Toreid, tlf. 906 29 047 dersom spørsmål.

        Helsing  Aktive fredsreiser,  Setesdal sogelag  og drivfjøra Leiv Nordstrand.

Program:

Fredag 19. november

10-1045 «Epidemienes verdenshistorie» – og den norske. Professor Ole Georg Moseng, Univ. i Sørøst-Norge.

11-1145 «Den gåtefulle radesyken». Lege og medisinhistorikar, førsteananuensis Anne Helene Kveim Lie, Univ. i Oslo.

12-13 Lunsj

1315-14 Radesjuka – med tyngdepunkt i Agder. Førstearkivar Roger Tronstad, Statsarkivet i Kristiansand.

1415-15 Tuberkulosen i Agder. Forfattar/journalist og tidlegare vernepleiar Halvor Fjermeros, Kristiansand.

1515-1600 – Sanitetskvinnene  og Nasjonalforeningen/helselag og den lange kampen mot tuberkulosen.

Laurdag 20. november

09-945 Spanskesjuka 1918-20 og koronaen 100 år etter – kva er nytt? Professor Svenn-Erik Mamelund, OsloMet.

10-1045 Beredskapen mot koronaen og korleis helsesektoren i Agder har takla den. Tidlegare professor ved Univ. i Agder Jose Gonzales.

11-1145 Frå «sunnhetslov» til samhandlingsreform 1860-2012. og forholdet mellom stat, fylke og kommune i helsesektoren. Tidlegare førsteamanuensis ved høgskolen/univ. i Bodø, Leiv Nordstrand.

12-13 Lunsj

1315-14 Folkehelse. Kan helseteknologi og den digitale revolusjon  gjere det mogleg å stenge ned heile det vanlege samfunnet under ein ny og kanskje endå verre pandemi?

1415-15 Oppsummering og diskusjon.  

    Vel heim!

Scroll to Top